VELKOMEN til MAKALAUS HYPNOTERAPI & EFT

Navnet mitt er Gunnar Mjøs. Eg har eksamen frå Hypnoseakademiet i Bergen i 2018. Utdanninga er også godkjent av American Board of Hypnotherapy. 

Vidare har eg tilleggsutdanning i EFT- Emosjonell Frigjerings Teknikk nivå 3 som er det høgaste nivå som utdannast i Norge.

Eg er godkjent Hypnoterapeut og EFT terapeut og medlem i NLH og registrert i alternativregisteret i Brønnøysund.

Behandlingsmetodane

Hypnose-hypnoterapi kan hjelpa deg til positive endringar i livet ditt. Hypnose er ein behageleg og effektiv behandlingsmetode for å få til vilja endringar som du ikkje klarar sjølv. Ganske snart kan du til dømes vera røyk/snusfri, fri frå uvanar, søtsug eller gå ned i vekt.

EFT betyr Emosjonell Frigjerings Teknikk og er «akupunktur» med fingrane på energipunkt på på ansikt og overkropp. EFT påverkar energiflyten i kroppen.
Eg brukar EFT og hypnose saman for å få venta resultat. Eg kan læra deg grunnleggjande EFT for sjølvhjelp. EFT kan brukast på born.

Hypnose

Behandlinga blir gjort mens du slappar av i ein god stol der du blir ført inn i ei djup avslapping. Det er ikkje søvn, men ein tilstand av fokusert bevisstheit/transe, og du har kontroll heile tida. Når du er i transe kan eg starta avtalt behandling med positive suggesjonar. Med hypnoterapi blir det kontakt med ditt ubevisste sinn, med som mål at bevisst og ubevisst sinn skal samarbeida slik at dei endringar som du ønskjer kan bli realisert. Hypnose er ei kraftfull prosess som har vore til hjelp for mange menneske.
Hypnose kan brukast ifm røyk-snuskutt, problem med eting, vektreduksjon, stimulering av immunforsvar, sjølvskading, neglebiting, allergi, søtsug, søvnvanskar, sorg og tap, sjalusi, sinne, angst, depresjon, fobiar for å nemna noko.

EFT

EFT er den mest suksessfulle psykologiske sjølvhjelpsmetode i verda. Forstyrringar i kroppen sin energiflyt påverkar den personlege psykologien. EFT blir også kalla mental akupunktur, som blir gjort med fingrane på energipunkt på ansikt og overkropp. EFT løyser opp energiblokkeringar som er direkte knytta til problemet ditt. Når energien flyt fritt kan du vera kvitt problemet ditt, og du er i betre balanse og har det godt med deg sjølv.
EFT kan mellom anna hjelpa med: Handtering av kjensler og vonde tankar/opplevingar, angst, roa ned stress og prestasjonsangst, frykt, fobiar og smertelindring, flyskrekk, høgdeskrekk, klaustrofobi og edderkoppar. Traumatiske hendingar, samlivsbrot og det å eta for mykje, eller fysisk tilstand.

Du er hovedpersonen

Det er du som er den viktige personen for dei endringane som kan bli resultatet av dei behandlingane som blir gjort. Det er bra fordi du skal ha honnør for det du kan oppnå ved bruk av hypnose og EFT, og dette kan også hjelpa deg til å skapa fleire positive endringar i livet ditt. Som alternativ behandlar kan eg ikkje garantera for venta endringar. Slik er det også hjå legen. Ingen kan gje garantiar.

Uansett kan eg garantera at eg vil gjera mitt beste ut frå dei teknikkane/terapiformene som eg brukar og den kunnskap som eg har.

VIKTIG: All medisinsk behandling, også reduksjon/ seponering av medikament kun i samråd med fastlegen din.

DISKRESJON: Alternativ behandling har same krav til diskresjon som i helsevesenet.

Gunnar Mjøs

Hypnoterapaut / EFT terapaut

gunnar@makalaus-hypnoterapi.no

Tlf. 9130 5166 – Dag – ettermiddag – kveld

Ring meg for ein ikkjebindande førsamtale.

Behandlingslokale i Knarvik Senter hjå Knarvik Klinikken ved DNB.